Skatt i Noreg

I Noreg skattar ein prosent av inntekt og av formue. Det er mange fråtrekk i inntekta før ein kjem til det som er skattbar inntekt. I Noreg var skatteprosenten i 2008 på inntekt 28, både for private og bedrifter. Inntekt over 420 000 kroner for privatpersonar blir skattlagt med 37% og inntekt over 682 500 blir skatta 40 %.[1]

Formuesskatten i Noreg i 2008 var på 0,9 prosent for formuar mellom 220 000 og 540 000. Formue over 540 000 blir skattlagt med 1,1 prosent[2]

Personskatten går til stat, fylke og kommune etter ei fordeling som blir fastsett i statsbudsjettet. Skatten går til å finansiere offentlege velferdsordningar og andre tiltak som det offentlege står ansvarleg for. I tillegg til skatt betaler dei fleste mange andre avgifter som går inn i statskassa. Mange næringar har spesielle skatteregime. Dette gjeld til dømes petroleumsnæringa og reiarlaga. Den einaste skatten kommunane sjølv avgjer om dei vil skrive ut er eigedomsskatten. I 2006 hadde 63 prosent av kommunane innført eigedomsskatt på bustader. Alle kommunane hadde eigedomsskatt på «verker og bruk».[3]

  1. http://www.regjeringen.no/nn/dep/fin/Tema/Skattar-og-avgifter/Skattesatser-2008.html?id=485575
  2. http://www.regjeringen.no/nn/dep/fin/Tema/andre/Bedrifts--og-kapitalbeskatning/Formuesskatt.html?id=449717
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. oktober 2007, henta 18. september 2010 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search